Å ha ei god web side er eit markedsføringsverktøy for å gjere bedrifta di kjent i eit større marked. Enten du har eit firma som sel produkt eller tenester, eller berre treng ei informasjonsside, så gjer Internet det mogleg for menneske å finne deg døgnet rundt. Dersom du har spørsmål om data eller internet teknologi, er det berre å kontakte meg.
Når eg utviklar web sider i lag med ein kunde følger eg ein prosess som er lik dette:
- Ein første fri konsultasjon for å finne ut av kva behov du har for internett sider.
- Frå dette første møtet lagar eg ein plan og kostnadsoversikt over dei forskjellige behova.
- Vi møtes igjen og bestemmer kva du ønskjer å gjere.
- Vi arbeider på web sidene og har møter for å sjå om vi har møtt delmål og om vi skal gå vidare
- Etter at web sidene er oppe og går, er eg tilgjengeleg om du ønskjer at eg skal vedlikehalde web sidene dine.
Prinsipp for utvikling av web sider:
- Tilgjengeleg for alle internett brukarar. Eg gjer mitt beste for at sidene skal vere bygd på standarder som dei aller fleste internett uforskararne støttar (HTML, PHP og CSS).
- Sidene skal vere raske å laste ned. Dette er viktig fordi kunder ikkje ønskjer å sitte og vente på at sidene kjem opp på skjermen.
- Web sidene skal vere enkle å lese slik at kundane liker det dei ser og kjem tilbake.
- God navigasjon slik at kundane finn det dei vil ha.
- Sidene skal vere så raske å laste ned som mogleg. Grunnen til dette er at mange som brukar internett ikkje har rask nedlasting. Dei ønskjer ikkje å sitte og vente. Då går dei heller til konkurrenten.
- Sikring av data der det er mogleg og nødvendig.