Datakurs og undervisning
Alden Integration hade eit sterkt fokus på opplæring og kurs innan data. Mesteparten av mi verksemd har vore sentrert rundt Microsoft sine operativsystem og Office, hardware opplæring tilsvarande CompTIA A+ og feilsøking på hardware og applikasjonar.
Mesteparten av mi undervisning i operativsystem har vore basert på at deltakarane skal vere i stand til å ta ein MCP-test (Microsoft sertifisering) når dei er ferdige med kurset. Det betyr at eg har teke dei testane først slik at eg veit kva nivå dei må vere på. For dei fleste av elevane mine er det nok slik at dei opplever at eg set høgare krav til dei om å studere (heimelekse), enn det som dei vil oppleve hjå andre. På den andre sida erfarer dei at dersom dei følgjer råda mine, så blir resultata at dei klarar testane og er klare for å arbeide i eit nettverk når dei er ferdige.
Eg likar å undervise ettersom det gir eleven kunnskapane dei treng for å bli dyktige innan eit område. Dette ordtaket summerer ganske godt kva eg føler om opplæring: "Gje ein person ein fisk og ho kan ete. Gje ein person eit fiskesnøre og ho kan fange hennar eigen mat."
Den beste måten å vete om eg har intereserte studentar og at eg gjer mitt beste, er når studentane mine blir betre enn meg. Det gjer meg stolt av studentane mine og eg stolar på at undervisninga er god. Det gjer også at eg arbeidar hardare for å bli ein betre lærar.
Om det er mogleg prøver eg å få studentane til å arbeide i lag med praktiske oppgåver. Dette gjer at dei kan oppdage kor mykje lenger vi kan komme ved å arbeide i team, samanlikna med å vere isolert og prøve å finne opp krutet på nytt. For mange av studentane mine har dette vore eit vendepunkt i opplæringa deira der dei har vore nær ved å gje opp.